Nytt frå Brandal IL

Onsdag 9. mai hadde det nye styret i Brandal IL sitt første styremøte.

Styret for det komande året er; leiar Kari Britt Løset, nestleiar Yvonne Røyset, sekretær Knut Olav Naustenget, kasserer Odd Arild Brandal, styremedlem Jørn Kleppe og varamedlemmar Sindre Moltu Riisøen og  Vendel Snipsøyr.

Det første styret har tatt fatt på er å gjenreise ballbingen etter Dagmars herjingar. Nytt dekke blei lagt tysdag 8. mai, og i næraste framtid vil dei få oppatt gjerdet rundt. Bingen kan brukast slik den står idag, så det er berre å finne fram fotballskona og fotballen.
Når bingen er ferdigstilt, vil det kome nye nett på fotballmåla. Så kan dei som he behov for eit større areal også få utfolde seg :)

Styret har veldig lyst til å starte noko som dei kallar «fysisk aktivitet» for dei minste og nest minste borna i bygda. Denne aktiviteten vil føregå enten inne eller ute alt etter veret. Aktiviteten vil bli tilpassa deretter. Kari Britt vil gjerne ha tilbakemelding på kor mange born her er i bygda, som kan tenke seg å vere med på noko slikt, og kor gamle dei er.

Styret sitt neste prosjekt er å få igang igjen 7-ar laget i fotball. Kome igang med trening iløpet av året og påmelding til neste sesong. Alle minnast dei høge hyla frå skuleplassen for nokre årsidan. Styret gler seg alt til neste år!

Idrettslaget vil bruke FB-sida si til å kome i kontakt med dei som bur i bygda, lufte idear og liknande, så del den gjerne vidare! :)

Posted in Brandal IL | Leave a comment

Funne på 17. mai

2012-05-18_18.32.30Er det nokon som saknar denne? Den var funnen i gymsalen etter Folkefesten 17. mai.

Ta kontakt med Ingebjørn Grimstad om du saknar den!

Posted in Brandal | Leave a comment

17. mai i Brandal

Ishavsmuseet Aarvak held ope 12.00-17.00 og serverer rjomegraut, kaffi og kaker.

Flo & Fjøre held ope 11.30-18.30 og serverer brennsnut, kaffi og kaker.

17. mai-komiteen inviterer til tradisjonell feiring på Brandal Bedehus/Forsamlingshus, Pakkhuset og i Gymsalen.

08.00 Salutt og flaggheising  
10.00 Oppstilling til Borgartog  
10.30 Borgartog.
Appell ved bedehuset.
Kiosksal.
 
13.00 Barnetime i gymsalen  
14.00 Leikar på bedehusplassen.
Matsal med middag, kaffi og kaker.
 
18.00 Fest i gymsalen.
Tale og underholdning.
 

Velkomne til Brandal på nasjonaldagen!

Posted in Brandal | Leave a comment

Dugnad på Ishavsmuseet

Dugnad på IshavsmuseetIshavsmuseets Venner arrangerar dugnad på Ishavsmuseet fredag 18/5 klokka 17.00.

Det blir rydding og stelling av uteareal og diverse arbeid for å vise museet frå si beste side når Kronprinsparet med fleire kjem på besøk 24.mai.

Fint om du tek med eige hageutstyr.

Velkomen til ein hyggeleg dugnadsdag :)

Posted in Ishavsmuseet Aarvak | Leave a comment

Kåserikveld med Marie Lovise Widnes på Flo & Fjøre

Fredag den 11 mai kl 18.00 kjem Marie Lovise Widnes til oss.

Ho vil kåsere og syngje, og fortel nok nokre skrøne og. Ho har med CD der ho har sunge inn gamle voggeviser og songar monge av oss har gløymt. Ja kanskje ikkje haurt eingong.

Det vil koste ein slant på 100.- å kome inn, men vi diskar opp med kaffi og kaker til alle.

Marie Lovise hadde med boka Målet hennar mor i dag (1. mai), og dei ligg til salgs med oss. Ei bok der gamle ord, ordtøkje og seiemåtar er nedskrive. Den er kjempeflott.

Posted in Arrangement, Flo & Fjøre | Leave a comment

Ryddedugnad i Brandal

Torsdag 10. mai kl 18 og utover vert det ryddedugnad i Brandal.

Oppmøte ved Pakkhuset for utdeling av sekkar og hanskar!

Spre ordet!

Posted in Arrangement, Brandal sentrum, Brandal Velforening | Leave a comment

Strikkekafe på Flo & Fjøre

Tysdag 8. mai kl 18.00-21.00

Velkomne til ny strikkekafe!

Kr 50,- pr pers, for kaffi og noko å bite i.

Om du ikkje strikkar, kan du gjerne ta med anna hobbyaktivitet – eller ta deg ein tur for å prate litt. Det sosiale er like viktig som strikkinga!

Posted in Arrangement, Flo & Fjøre | Leave a comment

Utsatt dugnad!

Dugnaden i sentrum i dag blir UTSATT!

Vi prøver ein ettermiddag til veka, når vergudane er litt meir på vår side! Ny dato og tidspunkt kjem her, fylg med Smilefjes

Spre ordet!

Posted in Arrangement, Brandal, Brandal Velforening | Innspel er slegne av