Førjuls-søndag på Ishavsmuseet.

Søndag 2. desember vert det førjuls-søndag på Ishavsmuseet. Denne dagen markerer Ishavsmuseet avslutninga på jubileet «Aarvak 100 år».

Ishavsmuseet har lagt bak seg eit jubelår med nye besøksrekordar og eit svært vellukka jubileum for ishavsskuta Aarvak. Markeringa av 100 åringen har føregått gjennom heile året med ulike arrangement der hovudfeiringa var lagt til slutten av august. Søndag 2. desember vert dette avslutta med islender- og termodress-treff på dekket til jubilanten sjølv, nemleg Aarvak.

Ulstein Mannskor deltek med sjømannsviser og eit utdrag av Evert Taube førestillinga som dei nyleg hadde på Sjøborg kulturhus. Kjenner vi dei rett stiller dei alle i passande islendar og lagar god stemning i det mektige Aarvak-huset.

Med i programmet der vert også Barbro Østrem og Harald Knutsen.

Vi rår publikum til å leite fram islendaren og kle seg godt. Vi skal på ishavet og det er kaldt om bord i Aarvak!

Ishavsmuseet vert ope frå kl. 14.00 med julegåve-sal og sal av brennsnut, kaffi og kaker. Det vert høve til å sikre seg den rykande ferske boka «Soga om Aarvak» som fortel historia til jubilanten.

Kl 16.00 har Brandal Vel arrangement med tenning av julegran i Brandal sentrum, til tonar av Hareid skulekorps. Etter tenninga vert det gått i tog til Aarvak-huset der det ventar varm jule-gløgg. Arrangementet på Aarvak startar kl. 17.00.

Polarshopen og kafeen på Ishavsmuseet vert ope også etter arrangementet.