Høyringsuttale til Hareid kommune

Fylgjande uttale er sendt frå Brandal Vel til Hareid kommune i anledning søknad om dispensasjon frå kommuneplanen for plassering av anlegg for oppdrettslaks.

 

Hareid Kommune
Rådhusplassen 5
6060 Hareid

Saksreferanse: 2013/638

Brandal Vel sine kommentarar til Salmar sin søknad om dispensasjon frå kommuneplanen for plassering av marint akvakulturanlegg i Brandal.

På vegne av bygda Brandal stiller Brandal Vel seg sterkt kritisk til den omsøkte dispensasjonen frå kommuneplanen for etablering og utviding av marint akvakulturanlegg i Brandal. Vi meiner det er uakseptabelt å vike frå kommuneplanen i dette området. Vi meiner også dagens avsette område for fiskeoppdrett er uheldig og feilplassert, men er klar over at det er ei sak vi ikkje kan gjere noko med i denne runda.

Vi har hatt fiskeoppdrett i bygda før og vi ser ingen positive konsekvenser med denne type industri for bygda. Det gir heller ingen betydlege inntekter for kommunen, då firmaet som ynskjer å etablere seg er heimehøyrande i ei anna kommune.

Dei fantastiske fiskemuligheitene i området blir kraftig redusert grunna fiskeforbodet som vil kome med ei oppdrettsetablering. Eit slikt forbod vil gjelde 100m frå bøyene i alle retningar. Strekninga det er no søkt om er ei av dei beste fiske- og teineområda i Hareid og området er mykje nytta av bygdefolket.

Vasskvaliteten blir redusert og ved rette havstraumar og vindretning så vil dette kome inn til Brandal sentrum og forringe kvaliteten på overflatevatnet. Moloen blir nytta av bygdefolk til bading omtrent dagleg gjennom sommaren og Isbadarane badar kvar veke gjennom heile vinteren.

Permanente skader på vassbotnen. Eit gjennomsnittleg lakseoppdrettsanlegg er på ca 3120 tonn. I følge Statens forurensingstilsyn, produserer eit slikt anlegg avfall tilsvarende septikk mengda til en by med 50.000 personer. Vi frykter dette gjer at botnen vil bli permanent skadd slik at fiske- og teinefangst i område blir øydelagt i lang tid, også etter anlegget er tatt vekk.

Dersom avsettingar på botnen blir store nok vil sedimenta bli anareobiske og begynne å produsere hydrogen sulfid. Hydrogen sulfid er giftig for bunn faunaen og fisk.

Det visuelle. Tusenvis av turistar passerer Kvitneset og Brandal kvar dag på veg til eller frå Geirangerfjorden i Hurtigruta eller i eit cruiseskip. I tillegg har Brandal sentrum og Kvitneset monge turistar i sommar halvåret. Eit slikt enormt stort og skjemmande anlegg som blir liggande tett inntil Kvitneset vil fråta Brandal den reine flotte utsikta ut mot Eltrane og Godøya når vi står i sentrum, den reine Storfjorden mot Hjørungneset og Barstadvika når du står på Kvitneset og ikkje minst tek den fokuset frå fantastiske Kvitneset for dei som passerar i skip.

Innbetaling av midlar til opprydding. Vi er også meget kritiske til kven som tek regninga for opprydding om/når drifta ein gong vert avvikla. Hareid kommune bør kreve at 100% av kostnaden for full opprydding etter eit slikt anlegg vert innbetalt til ein sperra konto før eit eventuelt nytt løyve til akvakultur vert gitt. Brandal har erfaringar med anlegg som blir liggande i lang tid etter driftsstopp og dette er meget skjemmande. Eit slikt ”sovande” anlegg utan velikehald/tilsyn er også meget farleg for skipstrafikken då tauverk og mæredelar løsnar og driv rundt utanfor bøyene og i verste fall fritt i fjorden. Dette er til stor fare og kan medføre store kostnadar for fritidsbåtar, snøggbåt, ferger, hurtigruter, cruiseskip, losbåtar og annen skipstrafikk i fjorden.

Vi oppmoder også til å lese artiklen ”Kreftfremkallende tungmetall i krabber…” (http://www.tv2.no/nyheter/innenriks/kreftfremkallende-tungmetall-i-krabber-ved-fiskeriministerens-oppdrettsanlegg-4056073.html), Morten Strøknes sin artikkel om “Fiskefarsen” (http://www.bt.no/meninger/kommentar/Fiskefarsen-2940735.html#.Ugfu8JLDuSo), samt Bellona sin rapport “Report on the Environmental Impact of farming of North Atlantic Salmon in Norway” (http://www.nmf.no/files/dokumenter/PDF/ORIGINAL_LAKSERAPPORTEN_LOWRES.pdf ).

Med helsing

Brandal Vel

Sven-Aslak Veiseth
nestleiar

Anders Lillebø
varamedlem