Ny dato for show med Jarle Andhøy

Viktig informasjon til alle som har kjøpt billett til Jarle Andhøy i samband med Brandalsdagane.

Grunna tv-innspeling må Jarle Andhøy kome til Brandal ein dag før den opprinnlege planen. Showet vert då onsdag 4. september kl 19.00, framleis i Aarvak-bygget.

Dette er sjølvsagt ein uheldig situasjon for alle som allereie har sikra seg billett til torsdag, men vi som arrangørar håper at onsdag 4. september vil høve like godt for dei alle fleste.

Praktisk informasjon
Billettane som er kjøpt til torsdag 5. september er gyldige til onsdag 4. september.

Dersom nokon ikkje har høve til å nytte billetten sin, ta kontakt der du kjøpte billetten, så får du pengane tilbake. Om du har kjøpt billett via www.sjoborg.no, kan du kontakte Ulstein rådhus eller sende epost til annika.brandal@ulstein.kommune.no.

Beste helsing

Komiteen for Brandalsdagane 2013