Årsmelding Brandal Vel 2013

Brandal Vel holdt årsmøte onsdag 23. april. Referat kjem med det første. Her er årsmeldinga, både i tekstformat, og den kan lastast ned her (link kjem). Den vert også levert i postkassene med det første.

2013-09-04 19.07.40

 

Vi kan sjå tilbake på eit aktivt år, med Brandalsdagane som det folk truleg huskar best, mindre dugnadar på Kvitneset, rydda i sentrum og fokusert på eit par sosiale arrangement på Pakkhuset, samt barnearrangement i gymsalen.

Styret 2013

Leiar: Annika Brandal (2013)
Nestleiar: Sven-Aslak Veiseth (2012-2013)
Kasserar: Stian Runne Brandal (2013-2014)
Sekretær: Marianne Djupvik Veiseth (2013-2014)
Styremedlem: Bernt Brandal (2013-2014)
1. vara: Knut Olav Naustenget (2013)
2. vara: Anders Lillebø (2013)

Pakkhusstyret

Bitta Brandal, Åshild Berge og Oleif Eiken

Valnemnd

Natasha Røren (2013-2014) og Frank Robert Brandal (2013)

Arrangement og liknande

  • Onsdag 10. april: Årsmøte for Brandal Velclip_image002
  • Kr. Himmelfartsdag 9. mai: Klargjering til gudsteneste på Kvitneset
  • Dugnad med rydding i forkant
  • Fredag 17. mai: Sosialt på Pakkhuset/17. mai-nemnda
  • Laurdag 25. mai: Dugnad på Kvitneset
  • Fredag 14. juni: Tapaskveld på Pakkhuset
  • Søndag 23. juni: Jonsokfeiring
  • Brandalsdagane 2013, 20 år, 2.-8. september, sjå eigen plakat
  • Fredag 1. november: Halloween-barnedisko i Gymsalen
  • Søndag 1. desember: Tenning av julegrana i sentrum
  • Torsdag 19. desember: Førjulsquiz på Pakkhuset

Det blei også gjennomført eit par mindre dugnadar på Kvitneset, mellom anna med plassering av ny bru før parkeringsplassen (bildet), mindre reparasjonar på brua ved «vatnet» og ikkje minst montering av nytt skilt (eige avsnitt).

Vi prøvde også å arrangere ein skalldyrkveld i oktober. Denne blei avlyst grunna få påmelde.

Jonsok

Jonsokafta hadde vi bål i sentrum og open kafe med sal av kaker og kaffi på Pakkhuset. I 2012 hadde både Brandal Vel, Flo & Fjøre og Ishavsmuseet middagssal, og det endte med eit lite tap for Brandal Vel. Vi valde derfor å fokusere på kaker og kaffi i 2013. Vi samarbeida med Flo & Fjøre og Ishavsmuseet, og hadde mellom anna felles annonse i forkant.

Det kom også spørsmål om jonsokfeiring på Kvitneset. Dette slo vi frå oss først og fremst av logistikkmessige årsaker.

Brandalsdagane 2013

clip_image004

Brandalsdagane vart arrangert for første gong i 1993, og vi valde derfor å slå dette litt opp, sidan det var 20 år sidan første gong. Vi var så heldige å få Tinde trykk med på laget, som sponsor, og vi fekk dermed laga plakat, logo og flyers. Programmet strakk seg frå måndag til søndag i høve 20 års-markeringa, med Jarle Andhøy som hovudtrekkplaster, og Christian Wiik Gjerde som trekkplaster for dei yngste. Brandalsdagane vart arrangert i samarbeid mellom Brandal Vel, Brandal IL og Ishavsmuseet.

Vi prøvde også å gjennomføre utekonsert på skuleplassen, men dette måtte vi avlyse grunna stor kostnad, usikkert ver m.m.

Aktuelle saker

Samarbeid med 17. mai-komiteen

Det kom eit ynskjer frå 17. mai-komiteen i 2012 om å forankre 17. mai-komiteen i Brandal Vel. Dette blei gjennomført i 2013, med at kasserar for Brandal Vel også står som kasserar på 17. mai-komiteen, slik at ein slepp skifte i banken kvart år. Det vert ført adskilte rekneskap, og 17. mai-komiteen har fortsatt ein med ansvar for rekneskapen.

Leiar i Brandal Vel vert også orientert om oppstart av ny komite, for å sikre at dette kjem i boks i rett tid. Styret bistår også 17. mai-komiteen om behov. Dette var spesielt aktuelt i 2013, då mange i 17. mai-komiteen var «ferske» Brandølingar.

Infoskilt Kvitnesetclip_image006

Det gamle infoskiltet på Kvitneset var svært slitt, og modent for utskifting. Vi fekk Tinde trykk med som samarbeidspartnar, og fekk plassert ut eit nytt og flott skilt, som toler ver og vind. Arbeidet blei gjort i tett samarbeid med Arve Røyseth. Vi var også i kontakt med Hareid kommune, slik at dei er orientert.

Planen vidare er å skilte opp igjen alle punkta som er merka på det store skiltet.

Kvitneset elles

Vegen frå Karlhaugen til Kvitneset treng litt vøling kvart år. Dette syter Hareid kommune for, men treng ei påminning frå Brandal Vel. I 2013 blei vegen grusa i forkant av gudstenesta Kristi Himmelfartsdag.

Det blei også gjennomført mindre dugnadar både før og etter gudstenesta, i form av rydding, reperasjon av bru, utplassering av søppeldunkar frå SSR m.m.

Vi fekk tilsendt tre livbøyer frå Tryg Forsikring, til plassering på Kvitneset. Desse rakk ikkje vi å plassere ut i 2013, men vert plassert ut ved første høve i 2014.

Turbenkar

Det kom inn eit ynskje frå den eldre generasjonen i bygda, om nokre kvilebenkar utover Kvitnesvegen. Dette fekk vi ordna raskt etter henvendelsen i slutten av mai, og planen er at desse vil stå ute i sommarhalvåret. Dei har vore lagra i buda til familien Lillebø i vinter.

Oppdrettslaks i Brandal

Brandal Vel var høyringsinstans i saka om dispensasjon frå kommunedelplanen i høve etablering av lakseoppdrettsanlegg i Brandal. Brandal Vel engasjerte seg sterkt i saka, saman med fleire andre instansar, og sendte inn kommentarar både i første og andre høyringsrunde hausten 2013. Hareid kommune brukte lang tid på å handsame saka, så den var ikkje til politisk handsaming før i april 2014. Søknaden frå Salmar vart ikkje imøtekomen av formannskapet.

Marknadsføring

Vi har oppretta Instagram-brukar, og elles brukt både Facebook og nettsida www.brandalinfo.no aktivt. I følgje besøkstala til nettsida, er den iallfall ofte besøkt! I tillegg nyttar vi SMS for å nå ut med info til bygdefolket. Sidan det ikkje når alle, har vi prøvd å få ut lappar i postkassene til alle arrangement.

Andre aktuelle saker, ikkje gjennomført/sluttført

  • Loppemarked
  • Sentrumsutvikling
  • Vedlikehold av Pakkhuset
  • Golv på loftet på Pakkhuset (sluttført 2014)

 

Annika Brandal, leiar
for styret 2013