Sel, sild & supe

Sesongavslutning på Ishavsmuseet komande søndag 30. oktober kl. 13-17

Sel, sild & supe var kvardagskost for 100 år sidan på våre kantar. Selfangst og sildefiske var dei viktigaste næringane i fleire ti-år etter 1900. Men selfangst har det nok vore langs kysten vår så lenge det har budd folk her.
Folk i Siglufjordur snakkar ofte om to norske landnåm. Det første då Tormod den sterke tok land i Siglufjordur rundt år 900, og det andre i 1903 då fleire norske fiskebåtreiarar kom med sine fartøy og la grunnlaget for ein stor sildestad i ein liten fjord yst i havgapet. Desse fiskarane kom frå Bergen, Brandal, Bømlo, Espevær, Hareid, Haugesund, Stavanger, Ulsteinvik, Vartdal, Vedavågen, Åkrehamn og Ålesund.
Vi skal ikkje gå så langt tilbake i tid før silda var svært vanleg i kvardagen. Der var sild til fleire måltid om dagen. I Trøndelag klokka kl. 10 stod det første kokte måltidet på bordet med Spekesild, kokte ureinska poteter, og supe. I Møre og Romsdal var det om morgonen kokte poteter og sild med flatbrød til, middagen var poteter og spekesild.
I tidligare tider var det silda som berga fiskarkona og ishavskjerringa til å ha mat på bordet medan mennene var på havet. Sild og havregrynssuppe måtte mette mang ein barnemunn i ei trong hushalding. Sild vert i dag brukt som festmat til både store og små.

Velkomne til buffet med selkjøtgryte, røykt selkjøt, sildekaker, spekesild og kålstuing, kryddersild, ulike sildesalatar m.m

Fredag 4. november kl. 19.00 inviterer Ishavsmuseets Venner inn til lutefisk-kveld på museet. Les meir HER.

Hugs potetball i museumskafeen kvar torsdag t.o.m 1. desember.