Ny rekordstor julemesse på Ishavsmuseet

Komande helg, laurdag 19. og søndag 20. november, er det klart for årets julemesse ved Ishavsmuseet på Brandal. Julemessa på Ishavsmuseet i Brandal har blitt ein flott tradisjon og er godt innarbeidd. Messa i år er fullteikna med heile 55 utstillarar som er på plass med salsstandar blant isbjørn og moskus, over fire etasjar på Ishavsmuseet, og kring ishavsskuta Aarvak.

Ishavsmuseet Aarvak og arbeidsnemnda for julemessa er stolte av å kunne by inn til ny rekordstor julemesse ved Ishavsmuseet. Messa har vorte svært populær, og dessverre var det ikkje plass til alle som ville med i år.

Aarvakhuset er fylt med spanande mat, her vil de finne mykje både av kjøt og fisk, saft, sylte og honning. Frå dekket på ishavsskuta Aarvak kan du mellom anna sikre deg dei flottaste biffane av kvalkjøt, god spekemat og god saft. Fjærli tønnefabrikk syner fram gamle bøtker-kunstar og byr på flotte tretønner.

Mat, kunst- og handtverk
Messa på Ishavsmuseet er ei mat, kunst- og handverksmesse der ein legg vekt på det særeigne ved handarbeidet. Alle utstillarane deltek med naturlege og handlaga produkt. Arrangørane legg opp til at messa skal vere mest mogleg variert, og dette syner godt igjen blant dei mange ulike påmelde utstillarane i år.

Ikkje berre kan du gjere ein unik og flott julehandel med alle desse spanande utstillarane, men du kan også kike deg rundt i dei flotte utstillingane som Ishavsmuseet byd fram.
Utstillarane på årets julemesse kjem frå mange kommunar og regionar, og i det høve kan det vere ekstra spanande og vitje messa i år.

Her kan du sikre deg mykje fint handarbeid som strikk, smykke, kaker, lefser, vevnadar bøker, tre-arbeid, handlaga knivar, skinn av sel og sau, røykt sild og laks, spekemat, keramikk, glaskunst, akvarellar, og mange andre artiklar. Klosteret av De Heilage Olav og Profeten Elias byd på heilage lys og gode såper. Vil du sjå kven alle utstillarane er, kan du vitje Ishavsmuseet si nettside.

Levande museum
– Det er svært viktig for oss å ha eit levande museum, og det er ei stor glede å ha messa her. Vi gler oss til tidenes største julemesse i Brandal, seier dagleg leiar for Ishavsmuseet Webjørn Landmark.

Besøkande har også høve til å sjå seg rundt på museet – som stiller med gratis inngang desse dagane. Og elles byd museet på selkjøtgryte eller kjøtkaker, smårettar, og kaker og kaffi på ekte ishavsvis, når du har behov for ei tenkepause i handelen.

I museet si første etasje vil du også finne Polarshopen ved museet som byd på ei av dei største samlingane polarlitteratur i landet.

Legg eit besøk til Brandal desse dagane og sjå kva alle desse utstillarane har å by på. Her kan du gjere unna store delar av julehandelen anten du jaktar julegåver, eller vil unne deg sjølv noko nytt.

Oss treffast i Brandal til helga!