Førjulssøndag i Brandal

Søndag 27. november er det første søndag i advent, og Brandal Vel, Brandal IL og Brandal Sanitet inviterer til førjulssøndag i Brandal. Brandal Friskule og Hareid skulekorps stiller med program. Ein søndag vi gler oss til, og håper å sjå mange sambygdingar og besøkande i bygda! Etter programmet i Brandal er ferdig, byr systrene Tina og Merete Brandal med fleire inn til julekonsert i Hareid kyrkje. Les meir om konserten HER.