«Ishavsblod», filmframsyning og «Avseilarfest»

Tysdag 21. mars kl. 18.00 har Sjøborg kino festframsyning av filmen «Ishavsblod» kl 18.00. Etter visninga vert det «Avseilarfest» på Ishavsmuseet Aarvak i Brandal.
For fleire visningar av filmen, sjå oversikt HER (kan bli fleire enn det som står no).
I «Ishavsblod» møter vi mellom anna Espen Brandal frå Brandal. Espen med fleire vert til stades på Sjøborg denne kvelden.
Etter filmen inviterer Ishavsmuseet i Brandal til «Avseilarfest» med to retters middag og foredrag/underholdning.
To retters middag: Fiskesuppe med torsk og laks, «Tornedå» av selbiff forma i bacon, omnsbakte rotgrønsaker med timian, fløtegratinerte poteter og stuertens peparsaus.
Filmskaparane / «Koko-damene» og selfangar Espen Brandal deltek.
Knut Selvåg spelar trekkspel (ishavets instrument) utetter kvelden.
Du kan kjøpe kombinert billett, og sikre deg både kinobillett og plass på avseilarfesten.
Film kr 110,-
Avseilarfest kr 325,-
Fellesbillett kr 435,-
Billettar finn du HER.
Filmomtale: Ishavsblod