Bygdefest på grendehuset

Laurdag 1. april kl 18.00

Brandal grendehus treng nytt tak. I den samanheng vil styret i grendehuset arrangere bygdefesten «ta i eit tak», til inntekt for dette.

Middag: Fåralao av kortreist villsau (laga på same vis som bacalao utan klippfisk).

Deilige dessertkaker og kaffi, vatn og saft. Ta med det du vil drikke utanom.

Som underhaldning blir det konsert med Wild Cats med lokale gjesteartistar som Evelyn Røren, Ingvild Mork med fleire. Miniquiz under kaffien.

Lukka lag med avgrensa tal på plassar.

Pris 300 kr alt inkludert. Aldersgrense 18 år.
Bindande påmelding seinast 25.3 til Therese Leine på mobil: 48185255 el mail: brandal.grendehus@gmail.com.

Sjå også Facebook-sida Brandal grendehus og Facebook-hendinga «Ta i eit tak».
Brandal grendehus har også eiga nettisde.