Polarkveld med torskemølje på Ishavsmuseet

Fredag 31. mars kl 19.00

Båtar i Hareid
Johan Ottesen besøker Ishavsmuseet med føredrag fredag 31. mars. Etter føredraget byd Ishavsmuseet på torskemølje i kafeen.

Fiske har vore drive langs kysten vår sidan den første busetnaden. Først langs den nære kyst, men seinare, etter som utviklinga skreid fram, vart fiskefelta stadig utvida til fjernare farvatn.

I mange tiår var Hareid ei av Noregs største fiskeri-kommunar. Fram til kring 1880 hadde åttringen vore einerådande som fiskebåt for dei som dreiv torskefiske. Den siste åttringen som var heimehøyrande i Hareid var på torskefiske så seint som i 1912. Før 1880 hadde mange fiskarar frå Hareid og særskilt Brandal, fått seg plass om bord i skøyter frå Ålesund. Men i 1877 kjøpte Bernt Marø skøyta «Abeline» til Brandal, og i 1879 kom skøyta «Nordeggen». I dei følgjande åra kom det til mange større og mindre dekka båtar. Dei største båtane søkte no ut til nye fiskefelt. «Abeline» vart ein pionerbåt når det gjaldt norsk torskefiske ved Island. Ved hundreårsskifte kom ei mengd med fiskedampskip som var bygde i stål. Den første som kom til Hareid var «Skolma» i 1901. I 1902 kom den første fiskedampbåten som var kontrahert av hareidsfolk, «Brodd». I dag er Hareid ei kommune utan havgåande fiskebåtar.

Johan Ottesen er lokalhistorikar busett i Ulstein kommune. Mest kjent er Ottesen for å ha skrive ei rad bøker med lokalhistoriske tema frå Sunnmøre, særleg om båtar. Han har òg bygd opp ei stor samling av flyfoto gjennom oppkjøp av samlingane til m.a. K. Harstad Kunstforlag, Telemark Flyselskap AS og Norfly AS i 1983. Johan Ottesen si interesse for gamle bilete har gjeve han tilgang også på nokre lokale fotografarkiv.

Ottesen har mykje og ulikt historiske materiale i arkivet sitt. Opptak og registrering av stadnamn og gamle båtar har særleg vore eit interessefelt for Ottesen. Opp gjennom åra har det blitt mange historiske artiklar, og ikkje minst mange framifrå bøker om fiskebåtar og ishavsskuter. Når Ottesen vitjar Ishavsmuseet med føredrag komande fredag er det båtane i Hareid han først og fremst vil presentere.

Etter føredraget set Ishavsmuseet fram ein bognande buffet med fersk torsk, rogn, lever, fiskesuppe og meir til. Påmelding til dei som vil vere med på torskemølje.