Velkomne til opning

Ishavsmuseet sesongopnar med offisiell opning av personheis søndag 23. april kl 12-17.

Det har vore hektisk byggeaktivitet på Ishavsmuseet gjennom vinteren med oppføring av heis for rørslehemma. Hovudheisa er bygd på utvendig til Ishavsmuseet og går frå første til tredje etasje. Frå tredje til fjerde etasje er det kome heis innvendig i lokala.

Søndag 23. april er det sesongopning på Ishavsmuseet, og då skal også heisane offisielt opnast. Stortingsrepresentant Oskar Grimstad vil stå føre opninga av desse.

Ishavsmuseet byd på søndagsmiddag og i undervisningssalen vil museet syne filmen «Ishavskjerringa» som omhandlar katastrofen i Vesterisen 1952. Prosjektet med heis har vore eit stort løft for museet, og vil vere til stor nytte for mange. No gler dei på Ishavsmuseet til å ta i bruk heisane, og til å kome i gong med eit aktivt år med mykje aktivitet.

Fredag 28. april er det Polarkveld med Rolf Hanoa: «Kings Bay 1916-2016. Fra gruvedrift til forskningsbase». Etter foredraget står boknasild og mjølkesupe på menyen. Påmelding.

Måndag 1. mai er det selgryte som står på menyen kl. 13-17. Willy Nesset held foredrag og syner bilde frå restaureringa av Polarstar kl. 15.00

Hugs potetball kvar torsdag kl. 14-18.