Polarkveld med foredrag, boknasild og mjølkesupe på Ishavsmuseet

Fredag 28. april kl. 19.00 er det igjen klart for polarkveld på Ishavsmuseet. Denne gong er det Rolf Hanoa som vitjar Ishavsmuseet med foredraget «Kings Bay 1916-2016. Fra gruvedrift til forskningsbase».

I 2016 var det 100 år sidan Peter S. Brandal fekk tilbod om å kjøpe rettigheitene til kolfeltet i Kings Bay. På forsommaren 1916 sendte han dei to skutene sine «Signalhorn» og «Polaris» på ekspedisjon for å undersøkje feltet nærare. Dei kom attende til Brandal i byrjinga av september med 300 tonn prima kol. Peter S. Brandal fekk overført rettigheitene i september 1916 for kr. 250.000,- Seinare same år gjekk han i kompaniskap med Trygve Klausen, Michael Knutsen og Trygve Jervell om danninga av Kings Bay Kull Comp. A/S

Rolf Hanoa vil drage historia til Kings Bay gjennom desse 100 åra. Hanoa forfatta til 75 års jubileet i 1992 ei framifrå bok om historia til Kings Bay. Denne vart raskt utseld, og har vore ettertrakta sidan. Til 100 års jubileet i 2016 kom boka i nytt opplag, og oppdatert med dei siste 25 åra. Det vert sjølvsagt mogleg å kjøpe signert bok etter foredraget.

Rolf Hanoa har gjennom åra hatt stillingar og oppdrag som lege på Svalbard. Han byrja i Kings Bay i 1986, og sidan vart det mange sommarsesongar der. Han er overlege ved Nevrokirurgisk avdeling, Oslo universitetssykehus, og professor i arbeidsmedisin ved Universitetet i Bergen. Hanoa har gjort fleire undersøkingar av gruvearbeidarane sitt arbeidsmiljø, bl.a. Spitsbergen-støvlungesykdommen, sløkkingsarbeidet under brannen i gruve 7 i Longyearbyen i 1988, og eksplosjonsulykka i Kings Bay i 1962.

Etter foredraget vert det servering av boknasild og mjølkesupe etter god gammal oppskrift i museumskafeen. Påmelding ved middag.

Måndag 1. mai er det selkjøtgryte som står på menyen. Willy Nesset fortel og syner bilde frå restaureringa av «Polarstar» gjennom snart fire år i Polen. Foredrag kl. 15.00 Middag i kafeen frå kl. 13-17.

Hugs potetball kvar torsdag frå kl. 14-18.