Fordeling av overskot etter 17. mai

17. mai-komiteen har hatt avsluttande møte for 2017, og resultatet viser eit solid overskot. Komiteen har valgt å fordele heile overskotet, då det likevel står att ein betydelig sum på konto, som buffer til neste års arrangement.

Fordelinga som er gjort, er som fylgjer:

  • Gåve til Hareid skulekorps kr 4000,- (musikk til borgartog)
  • Gåve til Musikklaget Melshorn kr 4000,- (musikk til borgartog)
  • Gåve til Brandalskoret kr 2000,- (musikkinnslag på fest)
  • Gåve til Brandal Friskule kr 6451,- (bruk av lokaler og utstyr + innslag av elevane under familiefesten), øyremerka til reperasjon av tak
  • Gåve til Brandal Grendehus kr 6451,- (lån av bord og utstyr), øyremerka reperasjon av tak

Det blei løyvd litt ekstra til Brandal Friskule og Brandal Grendehus, med bakgrunn i at begge bygga står for/er i gong med kostbare prosjekt med bytte/fiksing av tak.

17. mai komiteen takkar alle som har støtta feiringa i år!

For komiteen,
Erlend Kvalsvik, leiar