Velkomne til ei ny festhelg i Brandal!

Sist helg har vore ei festhelg utan like i Brandal, med Polarstar sin heimkomst. Vi smiler frå øyre til øyre, og er utruleg imponert over den flotte skuta som no har kome heim. Vi er glade i liv og røre i Brandal, og fortset derfor festen også komande helg, då Brandalsdagane byr på både skattejakt, kassebilløp og mykje meir.

Det er nokre programpostar som er med kvart år under Brandalsdagane, som fotballkampen mellom Indre og Ytre. Det same gjeld god tid til sosial prat for dei vaksne og mykje spennande for borna. Alle aktivitetar for borna er gratis.

Brandalsdagane startar så smått torsdag 31. august med potetball på Ishavsmuseet, før det er barnedisco på grendehuset for barnehage- og skuleborn.

Laurdag og søndag er hovuddagane. Pakkhuset og Ishavsmuseet held ope begge dagar med kaffi og kakesal. Det vert kassebilløp, trehjulsykkelløp, hoppeslott, blålys-besøk og jungeldyr (elektriske) i sentrum laurdag, medan søndag inviterer vi til skattejakt, fiskekonkurranse, hesteriding og jungeldyr i sentrum, bokbad på Kvitneset, familiesøndag med aktivitetar og middag på Ishavsmuseet og ribbåt-turar ved Pakkhuset.

Dersom veret spelar på lag, vert også Polarstar liggande ved kai ved Ishavsmuseet, og høve til å besøke.

Velkomne til Brandal!

Programplakat (pdf-fil)