Søndagens program under Brandalsdagane

Det har vore ei kjekk helg hittil, og sola skin frå blå himmel også i dag. Det er to endringar i programmet i dag. Ribbåt-turar går ut. Hoppeslottet kjem også i dag. Under kan du sjå programmet for dagen.

Velkomne til ein ny dag med Brandalsdagar 😊 Alle aktivitetar for born er gratis.

10.00 Fellesbading
12.00 Skattejakt for ungane på skuleplassen
12.00-16.00 Fiskekonkurranse. Påmelding på Pakkhuset.
12.00-17.00 Familiesøndag på Ishavsmuseet med aktivitetar for borna, open Polarstar og søndagsmiddag (sosakjøt og riskrem)
13.00-15.00 Barneriding ved Grendahuset, Hareid ride- og køyreklubb
13.00-17.00 Jungeldyr og hoppeslott bed Futen
15.00 «Brevet frå krigen», bokbad ved Ingunn Røuset og Jorun Waage, Kvitneset