Takk til Sparebanken Møre med fleire

Sparebanken Møre har i mange år vore ein viktig bidragsytar til Brandalsdagane, også i år. Takka vere deira støtte på kr 15.000,- kan vi gjennomføre Brandalsdagane med gratisaktivitetar for borna, noko som vi ser på som ein suksessfaktor for helga.

Sparebanken Møre sin eigen Tare har vore på besøk kvart år, til stor glede for borna. Vi har dessverre ingen bilde frå i år, men her er han ved Pakkhuset eit tidlegare år. Tare held seg godt, og var like ung og sprek i år!

Takk også til Euronics Hareid, Circle K Hareid, Gode Greier og Hakallegarden for støtte av gevinstar.