Hjartestartar i Brandal

Brandal Vel har kjøpt inn hjartestartar. Denne heng no i eige skap ved Pakkhuset, slik at den er tilgjengelig dersom nokon skulle ha bruk for den uansett tid på døgnet.

Samtidig ber vi foreldre om å snakke med born og ungdom om kva dette er, og viktigheita av at denne får henge i fred for hærverk.

Brandal Vel vil arrangere kurs i bruk av hjartestartaren. Dersom du vil vere med på kurs, meld frå til Annika på mobil 408 409 00 eller post@brandalinfo.no, så vil du få meir informasjon når dato er satt.

Du kan også melde di interesse ved å fylle ut skjemaet her (link).