Polarkveld på Ishavsmuseet 22. september

«… en del av kongeriket Norge». Korleis Svalbard blei norsk.

Thor Bjørn Arlov gjestar Ishavsmuseet fredag 22. september og opnar ei ny runde av dei populære polarkveldane. Det er Svalbard som er tema på haustens første polarkveld.

Frå Barentsz si oppdaging av øygruppa i 1596 og fram til 1920 var Svalbard rekna som terra nullius — herrelaust land. Svalbardtraktaten gav Noreg suvereniteten i 1920 og fem år seinare blei traktaten sett i kraft; Svalbard blei «en del av kongeriket Norge», som det står i lova. Det var ikkje sjølvsagt at Noreg skulle få herredøme over øygruppa. Før 1. verdskrig var det nyttelause internasjonale diplomatiske forhandlingar om «Spitsbergen-saka», som ho blei kalla. I samband med fredskonferansen i Paris kravde den norske regjeringa suvereniteten over Svalbard, og slik blei det altså. Kvifor var dét mogleg i 1920 som var håplaust berre fem år tidlegare?

Dette føredraget skildrar Svalbard si politiske historie og prosessen som førte fram til Svalbardtraktaten av 9. februar 1920 og norsk overtaking 14. august 1925. Han drøftar òg i kor stor mon traktaten sett grenser for norsk styre på øygruppa og korleis dette styret har utvikla seg fram mot våre dagar.

Thor Bjørn Arlov er seniorrådgjevar ved NTNU og førsteamanuensis i historie ved Universitetssenteret på Svalbard, UNIS. Han har gjeve ut ei rekkje bøker og artiklar om arktisk historie, blant andre «Svalbards historie» (2003) og «Den rette mann — historien om Sysselmannen på Svalbard» (2013).

Etter føredraget til Arlov vert det i kjent stil servert middag på museet. Denne gong er det klippfisk med godt tilbehøyr som står på menyen. Påmelding for middag.