Kontigent 2017 – Brandal Vel

Brandal Vel sender i desse dagar ut kontigent for 2017. Du finn også informasjonen her.

Brandal Velforening
v/ Kim Lillebø
Kvitnesvegen 2
6062 Brandal
Orgnr 993.977.045
Kontonr 4093.30.41699
Merk innbetalinga med namn og kontigent 2017.

Du kan også betale med Vipps til 100999.

Enkeltmedlem kr 150,-/familie kr 250,-

Brandal Vel hadde årsmøte onsdag 26. april. Du finn referat frå årsmøte, årsmelding og anna informasjon på www.brandalinfo.no. Om du ikkje har tilgong til nett, kan du kontakte leiar eller nestleiar, så kan vi printe ut om det er ønskeleg.

Gjennom året står Brandal Vel for ulike arrangement i Brandal. Jonsokfeiringa i Brandal samlar mykje bygdefolk og besøkande i sentrum, og er ein viktig og fin tradisjon på forsommaren. På seinsommaren arrangerer vi Brandalsdagane saman med Brandal IL og Ishavsmuseet Aarvak. I tillegg jobbar vi med prosjekt på Kvitneset, ulike dugnadar og elles aktuelle saker.

Vi tek gjerne imot innspel til oppgåver, aktivitetar med meir. Meld gjerne frå epostadresse og/eller mobilnummer til oss, så når vi deg raskt med informasjon!

Styret for 2017:
Annika Brandal, leiar, 2017 (mobil 408 409 00)
Peter Andreas Brandal, nestleiar, 2017-2018 (mobil 990 04 937)
Kim Lillebø, kasserar, 2016-2017
Caroline Gaasø, styremedlem, 2016-2017
Julianne Brandal Mork, styremedlem, 2017-2018
Roy Drage Andersen, 1. vara, 2017
Sven-Aslak Veiseth, 2. vara, 2017