Dugnadsarbeid – vår og sommar

Det går mot vår, varmare og lysare tider, og vi vil vere stadig meir ute framover.

Brandal Vel har nokre dugnadsprosjekt utover våren, og håper du kan tenke deg å bidra! Om du har innspel til styret, set vi også pris på det!

Nokre av dugnadsbehova:

  • Male (beise) benkane som står utover mot Kvitneset
  • Vedlikeholde (stramme ev beise) piknikbenkane som står ved Pakkhuset og litt rundt om i bygda.
  • Handle og plante blomar i blomsterkrukkene på Futen.
  • Arbeid med leikeapparat m.m. på bana oppom Skrivarvegen.
  • Rydding i sentrum og på Kvitneset
  • Diverse vedlikehaldsarbeid (naust, Pakkhuset m.m.)

Vi har også fått innspel på at vi bør vurdere å ha open kafe på Pakkhuset nokre dagar i sommar. Er det nokon som kan tenke seg å bli med i ein dugnadsgjeng der?

Ta gjerne kontakt med styreleiar Annika Brandal på 408 409 00 om du har lyst å bidra. Når det er aktuelt med fellesdugnadar vert det annonsert på nettsida.