Polarkveld med foredrag av Børge Ousland på Ishavsmuseet

Fredag 16. mars kl. 19.00 får Ishavsmuseet på Brandal besøk av Børge Ousland med foredraget «30 år med polare ekspedisjonar».

Børge Ousland er polfarar, forfattar, foredragsholdar og i tillegg ein anerkjent fotograf. Børge er også ein populær internasjonal foredragsholdar, og National Geographic har tidlegare kåra han til årets foredragshaldar. Han gjennomførte historias første soloekspedisjon til Nordpolen, utan etterforsyningar, og han var den første som kryssa Antarktis åleine. Framleis er han den einaste som har lukkast med begge desse prestasjonane, og blant anna dette har gjort Børge Ousland til vår tids leiande polfarar. Ousland har også segla gjennom både nordaust og Nordvestpassasjen, og følgt i Fridtjof Nansen og Hjalmar Johansens spor gjennom Frans Josef Land.

23. mars 2006, vart også Børge Ousland og Mike Horn dei første til å nå Nordpolen vinterstid. Denne ekspedisjonen har lenge blitt sett på som ei umogleg oppgåve på grunn av det konstante mørket og den bitande kulden.

I foredraget sitt på Ishavsmuseet fredag 16. mars deler Børge Ousland høgdepunkta frå sine banebrytande ekspedisjonar dei siste 30 åra. Børge har vist kva som er mogleg å få til med grundig planlegging, ekstrem vilje og evna til å finne mot i tilsynelatande håplause situasjonar. Børge Ousland har mottatt fleire internasjonale prisar for sine ekspedisjonar.

Ingen hadde heller klart å gå åleine over Arktis, frå Sibir til Canada via polpunktet, før Ousland gjennomførte denne turen i 2001, på 82 dagar.

2 retters middag med moskus

Etter foredraget på Ishavsmuseet denne kvelden vert det servert 2 retters middag med steik av moskus med fløtegratinerte poteter, ovnsbakte grønnsaker og stuertens villaste saus. Til dessert vert det heimelaga karamellpudding med kaffi. Påmelding for middag. Begrensa med plassar.

Bill foredrag kr. 150,- Foredrag OG middag kr. 400,-