Rydding i sentrum og på Kvitneset

I morgon er det klart for Strandryddedag over heile landet, og Brandal Vel inviterer til dugnad i Brandal og på Kvitneset. Vi kombinerer det med å rydde badestranda for litt stein og anna, så ta gjerne med utstyr som er fornuftig til det.

Utdeling av sekkar og hanskar, samt fordeling av roder på Ishavsmuseet i opningstida (kl. 12.00-16.00).

Gratis kaffi og saft til alle som ryddar – og is til borna!

Søre Sunnmøre Reinhaldsverk plasserer ut to containerar i sentrum, slik vi får kasta avfallet umiddelbart. Containerane blir ståande til tysdag 8. mai, så dersom du ikkje har høve til å rydde laurdag, kan du hente sekkar og hanskar på Ishavsmuseet i opningstida både søndag og måndag også.

NB. Brandal Friskule ryddar «17. mai-togruta» veka etter, så den trengs ikkje prioriterast denne helga.