Jonsok laurdag 23. juni i Brandal

Velkommen til tradisjonell jonsokfeiring laurdag 23. juni i Brandal, med kaffi og kaker på Pakkhuset, bål i fjøra og rjomegraut på Ishavsmuseet. Vi riggar bålpanne i fjøra om veret tillet det, slik at den som vil kan grille sjølv der.

Vi håper også bygdefolket vil bidra med kaker til Pakkhuset. Kaker kan leverast frå kl 14.00 på Pakkhuset.

Program for dagen:
11.00-18.00 Ishavsmuseet Aarvak held ope.
14.00-18.00 Rjomegraut på Ishavsmuseet
14.30-19.00 Kaker og kaffi på Pakkhuset
18.00 Jonsokbål

Fantetog og jonsokbryllaup kjem vi tilbake til.

Velkomne!