Vesle spegel på avissida der…

… kva for ei bygd er vakrast i verda her? Den speilvende – eller den rettvende Brandal-grenda?

I Sunnmørsposten måndag 13. august var det ein artikkel om Brandal hamn i 1988, og dette bildet stod på trykk.

Det var nok mange som stussa over dette bildet. Bygningane stemmer på ein måte, men plasseringane er feil. Årsaka er rett og slett at bildet har blitt speilvendt!

Her er den rette varianten av bildet, og då er det nok mange som kjenner seg att!

Teksta innleiingsvis er inspirert frå eposten Sunnmørsposten sin journalist Bjørn Halvorsen sendte tilbake då dei blei gjort merksame på feilen.

Foto: Kystverket.