Loppemarked under Brandalsdagane

I samband med Brandalsdagane vert det loppemarked på Grendehuset.

Inntekta frå loppemarkedet går til kaiprosjekt ved Pakkhuset og skifte av tak ved Brandal Grendehus.

 

Laurdag 01.09 kl. 11.00-15.00 og søndag 02.09 kl. 11.00-15.00
Ope loppemarked, Brandal Grendehus

Onsdag 29., torsdag 30. og fredag 31.08 kl. 18.00-19.00
(send melding om du ikkje kan på nemnde tidspunkt)

Innlevering av lopper.
Loppene må vere heile og reine. Vi tek imot både kle, møblar, leiker, ting og tang, men det kan vere vi treng hjelp frå bygdefolket (dei som leverer inn) etter loppemarkedet, dersom loppene ikkje blir solgt. Eventuelt overskot av kle vert levert i kleconteiner.

Har du lopper, men ikkje høve til å levere på dette tidspunktet? Ta kontakt, så ser vi om vi finn ei løysing.

Har du muligheit å hjelpe til under loppemarkedet?
Ta kontakt med Marianne Veiseth, mobil 98880918.

Betaling med Vipps (532180) eller kontantar.

Arrangør: Brandal Vel