Brandalsdagane 29.08-02.09.2018

I år er det 25 år sidan Brandalsdagane vart arrangert for fyrste gong, i 1993 då Brandal IL feira 45 års-jubileum. Med andre ord er no Brandal IL 70 år i 2018, og det same er ishavsskuta Polarstar.

Alt dette vert markert med program frå onsdag 29. august til søndag 2. september i Ishavsbygda.

Programmet finn de under her, og snart kjem også plakaten på postkassestativ.

Det er styra i Brandal Vel og Brandal IL saman med Ishavsmuseet Aarvak og Venneforeninga til Ishavsmuseet som arrangerer Brandalsdagane.

Brandalsdagane har mottatt støtte frå Sparebanken Møre og familiesøndagen ved Ishavsmuseet har fått midlar frå Frifond for born og unge. Tusen takk!

Vi er svært glad for at Kaptein Ishav vender tilbake med familieshow på søndagen. I tillegg vert det loppemarked (vi tek imot lopper!), volleyballturnering, fjelltur og elles mange tradisjonelle postar på programmet!

Vi ynskjer små og store velkomne til Ishavsbygda desse dagane, for å oppleve variert program, ishavshistorie og folkeliv!

Anbefalar også å fylgje med på nettsida her, samt på Facebook-sidene Ishavsbygda Brandal, Brandal IL og Ishavsmuseet Aarvak (eksterne linkar).