Kven er Kaptein Ishav?

Søndag 2. september får du endeleg møte Kaptein Ishav igjen! Familieshow kl. 15.00 på Ishavsmuseet. Kr 30,- for born, kr 50,- for voksne (inkl inngong til museet og ombord i Polarstar).

Kven er Kaptein Ishav?
Denne sagnomsuste kapteinen gjesta oss første gong i 2013, og er levande opptatt av formidling av ishavshistorie til borna. Det er no tre år sidan sist Kaptein Ishav gjesta oss med sine ramsalte ishavshistorier. I tre år har han leie fast i isen nordaust for Grønland og levd på grønlandssel og ei og anna isbjørnsteik. Ingen dramatikk, seier Kaptein Ishav, med minkande selfangst var det ei fin avkobling, men no gler han seg stort til å møte borna igjen ved Ishavsmusèet Aarvak i Brandal.

Kaptein Ishav er utvikla av Brandal Vel og Ishavsmuseet. Han har vorte ein gamal mann no, men er fortsatt frisk og rask oppetter riggen på tønna. Han starta si karriere på Minna i 1898 og er framleis aktiv på ishavet, 120 år etter. Etter tre år i isaudet har han lova oss eit bad før han møter borna!

Hjartans velkomne til show! Dette bør alle born ta med foreldra på.