Høyring – Rehabilitering og ny kai i Brandal

Brandal Vel med fleire har fått denne e-posten, og legg den ut slik at den kan nå ut til fleire.

Brandal Vel har i lengre tid jobba med å bygge ei mindre kai i «trekanten» over der som i dag ligg kampesteinar, og no har dette prosjektet blitt utvida i samarbeid med Hareid kommune. Det er også sett ned ei prosjektgruppe med medlemmar frå Brandal Vel, Brandal Båtlag, Hareid og Ulstein Fiskarlag og Ishavsmuseet Aarvak.

No er teikningane klar, og det ser veldig bra ut! Ei gledelig sak, vi ser fram til å få ordna dette!

Teikningane det er vist til i teksta finn de her:
3007.184-100 OVERSIKTSTEGNING
3007.184-101 FISKERIKAI
3007.184-102 FRITIDSKAI
3007.184-103 UTBETRING AV EKSIST. FRITIDSKAI

Brandal Vel og prosjektgruppa for kaia kjem til å handsame dette og sende inn kommentar/innspel før fristen. Dersom nokon har innspel, og ynskjer å ta det via oss, send gjerne epost til post@brandalinfo.no eller kontakt ein av oss i styret. Det er også muleg å sende innspel på eiga hand, slik det står i teksta under.

 


E-post frå Bent-Arild Grytten, Hareid kommune

Kommunestyret gjorde ei løyving til rehabilitering av kaiområdet ved Pakkhuset, i desember 2017. I juni 2018 vart det gjort ei tilleggsløyving, gjennom budsjettrevisjonen. Til saman ligg det no føre ei løyving på kr 1 100 000.

Prosjektet er no for det meste ferdig prosjektert og då vert neste trinn i prosessen å legge dette ut på anbod. I samband med dette ynskjer vi å høyre brukarane av området, før anbodsutlysinga, slik at eventuelle merknader / kommentarar kan verte handsama. Det er då naturleg å vende seg til lag og organisasjonar i Brandal, som kan ha interesser knytt til dette kaiområdet. Alle som har interesse av området kan levere inn kommentar eller merknad, også dei som ikkje er med på lista over mottakarar. De kan difor vidaresende denne e-posten til eventuelle interessentar som ikkje står oppført her.

Teikningane som ligg ved er ganske informative, men hovudtrekka kan oppsummerast slik:

-Fiskerikaia: Inkluderer nokon nye pelar, kapping/skøyting av eksisterande pelar, samt nytt dekke.
-Nye Fritidskaier: Det er teikna ei ny fritidskai mellom fiskerikaia og den fyrst planlagde fritidskaia på sørsida. Dette vil doble arealet med fritidskai.
Desse kaiene har fått ein rampe slik at brukarar i rullestol/vogn vil kunne nytte kaia. Rampa har fått skikkeleg rekkverk på begge sider.
-Eksisterande Fritidskai: Det er teikna ei enkel utbetring av denne. Dette medfører fjerning av eksisterande kaidekke, samt kapping av pelar pga. råte, før ny oppbygging. Betongtrappa må piggast vekk og støypast på nytt.

Slik teikningane no ligg føre, er prosjektet noko større enn det som først var tenkt. Tillegget er i hovudsak skilt ut som opsjon, slik at det skal vere muleg å bygge ut heile eller deler av kaiområdet. Det vert gjort ei vurdering av økonomien i prosjektet, før det vert tatt stilling til omfanget av det som skal lysast ut på anbod. Eventuelle kommentarar eller merknader kan sendast innan 26. september til Hareid kommune

Postadresse:
Hareid kommune
Rådhusplassen 5
6060 Hareid

e-postadresse:
postmottak@hareid.kommune .no