Uttale frå Brandal Vel med fleire – rehabilitering og ny kai

Brandal Vel har sendt fylgjande høyringsuttale til Hareid kommune i høve rehabilitering og ny kai i Brandal:

Høyring – rehabilitering og ny kai i Brandal

Prosjektgruppa for kai i Brandal, med representantar frå Brandal Vel, Brandal båtlag, Hareid og Ulstein Fiskarlag, Ishavsmuseet Aarvak, Brandal Grendehus og Isbjørnklubben (badarane), er svært positive til teikningane som no ligg føre til rehabilitering og ny kai i Brandal.

Prosjektet er stort, og vi håper at dei avsette midlane rekk til heile prosjektet.

Prosjektgruppa har fylgjande kommentarar til teikningane:

  1. Dersom prosjektet, av økonomiske årsaker, må delast opp, bør den nye fritidskaia/-kaiene prioriterast først og deretter reperasjon av eksisterande kai i nordlig hjørne (mellom dei to eksisterende kaiene).
  2. Brandal Vel med fleire er positive til å stille på dugnad. I den forbindelse er det hensiktsmessig å ha med i anbodsutlysing at delar av prosjektet skal kunne gjerast på dugnad. Detaljar må ein kome attende til.
  3. Den eksisterande steintrappa er spelt inn til kulturminneplanen i Hareid kommune, og denne må ikkje røyvast av utbygginga.
  4. Tiltaket for universell utforming (rampen) til ny fritidskai er svært positivt. Samtidig er det svært viktig at denne ikkje stenger for «bryggestien» med steintrappa til sanden. Trappa er i dagleg bruk heile året.

Vi ser fram til oppstart, og gler oss over prosjektet!

Det er berre å ta kontakt om de har ytterlegare spørsmål.

Med beste helsing

Annika Brandal Bernt Brandal Peter Andreas Brandal
Brandal Vel Hareid og Ulstein Fiskarlag Brandal Vel/Brandal Grendehus
Håkon Rolfsrud Webjørn Landmark Johan Ole Brandal
Brandal båtlag Ishavsmuseet Aarvak Isbjørnklubben
Odd Arild Brandal Kjellrun Veiseth
Brandal båtlag Isbjørnklubben