Villmarkskveld Alaska Svalbard med hjortemòr

Med Torill Brandal Berge og Elida Langstein, Brandal Grendehus fredag 5. oktober kl. 19.00

Elida er polarguide på Svalbard og har mange opplevingar trass i sin unge alder. Ho vil særleg fortelje frå ei overvintring som pelsjeger i Alaska. Torill arbeider ved Basecamp Exsplorer på Svalbard. Ho er Brandalsjente og foreldra budde på Svalbard då ho vart fødd. Vi vonar å høyre om spanande naturopplevingar frå desse to jentene og vegen deira til villmarka. Inngang kr 50,-

Etter programmet blir det servert dampa hjortemòr saman med rabbe, poteter og rødkål/surkål. Middag 150 kr.

For dei som skal kjøpe middag er det påmelding til Gunn Bente Drevland på mobil 95075138 el mail: gubba1969@hotmail.com, innan 3.10.

Matserveringa er å sjå på som eit lukka arrangement. Møt opp og kos dykk på grendehuset denne fredagskvelden.

For meir info: http://www.skorgenes.net/~sigurd/grendehus/index.html