Spleiselag for kaiprosjektet

Brandal Vel har i lengre tid jobba med å bygge ei mindre trekai i «trekanten» ved kaia i sentrum. Prosjektet er i samarbeid med Hareid kommune, og Brandal Vel vil mellom anna gjere noko dugnad og helst få bygt saman eksisterande og nye kaier.

Området i «trekanten» har kampesteinar, og vi ynskjer ei kai over, både for sikkerheita, men også for å få ei på- og avstingingskai.

I fjor inviterte vi fleire grupper med, for å jobbe med dette, og prosjektgruppa har med representantar frå Brandal Vel, Brandal Båtlag, Hareid og Ulstein Fiskarlag og Ishavsmuseet Aarvak.

Etter ei synfaring viste det seg at også eksisterande kaier må utbetrast, og prosjektet har difor blitt utvida i samarbeid med Hareid kommune, som har sett av midlar til dette.

Meininga var då å bygge ei ny kai i hjørnet på om lag 8,5 meter og rehabilitere dei to eksisterande kaiene. Då ville det bli eit stykke med kaikant utan kai foran. Den nye kaia (nedst i bildet under) vil vere ved sidan av steintrappa.

Prosjektgruppa såg det tenleg at det her ville bli samanhengande kai, og har difor fått Conplan til å teikne inn «siste bit» med kai (den «skråstilte» kaia på teikninga under). Dette har dei gjort på dugnad for oss. Utfordringa her er at vi har ikkje full finansiering til dette.

Styret i Brandal Vel ser på dette som eit prosjekt som vi no prioriterer å få ferdigstilt, og vil gjere ein innsats for å samle inn midlar til dette. Vi oppfordrar difor bygdefolket og andre til å gi ei valfri gåve til prosjektet, anten saman med innbetaling av kontingent for 2018, via Vipps 537001 eller www.spleis.no/project/47322.

Sjå også tidlegare saker om prosjektet:
Høyring – Rehabilitering og ny kai i Brandal
Uttale frå Brandal Vel med fleire – rehabilitering og ny kai