Opningsfest på skuleplassen

Skuleplassen i Brandal har fått ei solid oppgradering! Til stor glede både for born i Brandal og besøkande!

Grunna covid-19 har offisiell opning blitt litt utsatt, men no er det tid for ei opning med brask og bram, og vi inviterer til ei kjekk stund saman med oss!

Program:
– Offisiell opning ved ordførar Bernt Brandal
– Programinnslag
– Gratis mat og drikke

Stor takk til Brandal friskulelag og dugnadsgjengen som har stått i bresjen for oppgraderinga, Libra Group, Intership, Sparebanken Møre og Brandal Sanitet for sponsorstøtte og Frifond for støtte til opningsfesten. Takk også til Aasen Bil-demontering, Brekke og Kleppe og alle dei andre som har bidrege.

Vi minner om smittevernomsyn. Bli heime om du er sjuk, vask hender med såpe og vatn eller handsprit jevnlig.

Brandal Friskulelag, Brandal Vel og Brandal IL