17. mai 2021 i Brandal

Kjære bygdefolk og alle andre med tilknytning til Brandal!

Det nærmar seg 17. mai og årets 17. mai-komitè jobbar med å legge til rette eit program for dagen som er i henhald til nasjonale og lokale retningslinjer. Feiring skal det bli, om enn litt utradisjonell. Meir informasjon om dette kjem om ikkje lenge.

Frå 17. mai i Brandal eit tidlegare år.

Vi ønskar å sjå og å nå ut til flest mogeleg i forbindelse med nasjonaldagen vår. Og sidan tidene gjer dette litt vanskeleg, ber vi dykk alle i hop om å sende inn ei 17. mai-helsing på film!🎥

Vi ønskar oss korte filmsnuttar frå flest mogleg frå alle moglege stadar, inn og utland, hav og land, fjell og fjøre, inne og ute, fleire i lag eller aleine. Men alle må altså innehalde ei 17. mai-helsing. Det blir premie for den beste helsinga!🎁

Helsingane blir sett saman til ein film som vil bli vist på dagen og streama på Facebook. (Ved innsending samtykker ein samstundes til dette)

📩 Filmsnuttane sendast til Erlend Kvalsvik på messenger/Facebook eller på mail til erlend.kvalsvik@gmail.com, og merkast med «17.mai helsing».

Klar ferdig gå! Hiv dykk rundt og hels venar og kjente god 17. mai i Brandal. Vi gler oss veldig til å sjå dykk alle! 🙂

PS. Dei som er kløpparar i slikt, må gjerne filme f.eks. bestefar eller tante som ikkje synest dette er like lett.🙂

Hjarteleg helsing 17.mai komiteen 2021 🇳🇴