Jonsokfeiring i Brandal

Velkomen til jonsokfeiring i Brandal onsdag 23. juni. No gler vi oss alle til å kunne møtes litt meir. Ikkje heilt som før, men vi håper å få ei fin markering av årets jonsok, og at vi kan møtes, iallfall ute med opplett ver.

Program for dagen

13.00-18.00 Graut på Ishavsmuseet
15.00 Kaffi- og (litt) kakesal på Pakkhuset.
17.00 Jonsokbryllaup og runde i sentrum. Overrasking til alle borna. Oppmodar om alle å kle seg ut.
18.00 Jonsokbål

Presten er klar, og etterlyser gifteklare jonsokbrudepar! 🙂 Oppmøte for brudepar og -følgje (kjekt om borna kler seg ut) kl. 17.00 ved Pakkhuset, for bryllaup og ei lita runde i sentrum. Overrasking til alle borna.