Pakkhuset

For å leige Pakkhuset, kontakt Bitta Brandal (mobil 91612619) eller Åshild Brandal Berge (mobil 90104086). Leigeprisar finn du lenger nede på sida her, saman med leigereglar.

Litt om historia til Nyheim – Pakkhuset i Brandal (link)

Pakkhuset er sett i stand med stor dugnadinnsats, og støtte frå mange gode krefter.
For at huset skal vere til glede for bebuarane i Brandal og dei som leiger huset er vi avhengige av at leigetakarane fyljer dei enkle reglane som gjeld for huset.

Alle leigeprisar er inkludert vask.

  • Barneselskap (inntil 3 timar, 0-12 år) kr 900,-
  • Møter kr 1100,-
  • Ungdomsselskap (13-18 år) kr 1100,-
  • Barne-/familieselskap kr 1100,-
  • Voksen-/familieselskap, konfirmasjon, bryllaup og liknande kr 1600,-
    (gjeld alltid på laurdagskveld-arrangement)

Leiga og eit depositum på 500 kr skal betalast ved henting av nøkkel. Depositum blir tilbakebetalt ved tilbakelevering av nøkkel.

  • All tobakksrøyking skal vere ute i friluft.
  • Bruk av levande lys må gå føre seg med stor varsemd, av branntryggleiken.
  • Minst ein vaksen person er ansvarlig for orden og tryggleik under arrangementet.
  • Bilkøyring til og frå må reduserast til eit minimum.
  • Tenk på naboane og unngå bråk på uteområdet.
  • Festen skal avsluttast seinast kl 01:00. Då skal det vere ro, både inne i lokalet og utendørs.
  • Når festen er over skal lokalet ryddast og alle stearinlys etc må vere sløkte. Flasker og liknande skal ikkje stå på benken eller borda.
  • Seinast dagen etter festen skal lokalet vaskast og settast i stand. Dette gjeld også uteområdet.
  • Eventuelle skadar på inventar eller lokalet må erstattast.
  • Avfall frå festen må leigetakar ta med heim.

Vi vonar de får eit trivelig opphald på Pakkhuset, og ynskjer lykke til.

Brandal, april 2009
Sist revidert juni 2014

Husstyret