Arkeologisk utgraving – informasjonsdag

Tysdag 10. mai kl. 10.00-12.00

Vi har no besøk frå Universitetsmuseet i Bergen i Brandal. Dei er i ferd med å fullføre undersøkingar og sikre informasjon som ligg i jorda, med bakgrunn i menneskleg aktivitet i Brandal tilbake til 6000 år sidan.

I den forbindelse ynskjer vi å invitere til ein informasjonsdag medan fagfolket framleis er her, tysdag 10. mai kl. 10.00. Interesserte vil få høyre både om funna som er gjort i Brandal og fylkesarkeolog Arve Nytun vil fortelje om funn andre stadar i distriktet rundt oss.Hjartans velkomne til ein spennande formiddag i Brandal.

Oversiktsbilete av sjakt 1 og 2 (sjakt 2 nærmast)

Arrangementet startar ute, oppom Pakkhuset. Enkel servering.Informasjonsdagen er eit samarbeid mellom Universitetsmuseet i Bergen, Møre og Romsdal fylkeskommune, Brandal Vel, Hareid historielag og Brandal friskule.

1 Kommentar on “Arkeologisk utgraving – informasjonsdag

Legg igjen en kommentar til En WordPress-kommentator Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Please reload

Please Wait